Til støls
Denne opplevinga tek dykk med opp til fjells, der heimestølen til garden ligg. Vi ruslar på ein traktorveg heilt opp, og det tar omlag ein halv time. Undervegs kryssar vi ei bru, og får storlslått utsyn til foss og juv. Vel framme, får de ta ein kikk inn i sjølve stølsbygget, som me kaller «selet» her hjå oss. Regnar det, vert vi sitjande inne i selet for å nyte kaffe/te og litt heimelaga lefse. Er vêret godt, sett vi oss utanfor, tenner opp eit bål, og nyt den magiske utsikta, medan eg serverer ei huldresoge eller to. Utanfor selet går det gjerne geiter, og kanskje ein hest eller to, og beiter i sommarmånadane. Denne opplevinga passar for båe vaksne og born. Tid totalt sett: omlag 2-3 timar, avhengig av kva gjestene ynskjer. Dato og klokkeslett vert avtalt via e-post.

Tidspunkt

Juni – Oktober

Pris

kr 750 / pr. pers. (Minimum 4 personer)
  • Fottur omlag ½ time kvar veg
  • Varigheit totalt: 2-3 timar
  • Kulturhistoria til stølen og stølslivet
  • Historieforteljing