Til fjords
Denne opplevinga tek dykk med ned til fjorden. Me ruslar langs veg og stiar, og endar opp ved naustet vårt heilt nede i strandkanten. Her tenner vi opp i bålpanna, finn fram termosen med kaffe/te, og litt heimelaga lefser attåt. Så kan du få høyre litt om fjord, fjell og foss – før og no – og gjerne ei huldresoge frå gamal tid. Om vêret er bra, kan det hende me tek ein tur med båt utpå fjorden, så de kan få sjå dei enorme, men vakre, fjella på avstand. Denne opplevinga passar for båe vaksne og born. Tid totalt sett: omlag 2-3 timar, avhengig av kva gjestene ynskjer. Dato og klokkeslett vert avtalt via e-post.

Tidspunkt

Juni – Oktober

Pris

kr 750 / pr. pers. (Minimum 4 personer)
  • Fottur omlag ½ time kvar veg
  • Total lengde på guidinga: 2-3
  • Kaffe og lefse ved bålpanna
  • Historieforteljing