På garden
Denne opplevinga tek dykk med inn i dei ulike gamle, men vakkert renoverte, gardshusa. De får ein liten smakebit av tradisjonsrik lokalmat, som brun- og kvit geitost, flatbrød og spekepølse av geit. For dei som ynskjer kan ein få prøve ei klassisk vassele/åk. Heile vegen får ein eit innblikk i ulike tidsepokar. Til slutt endar vi opp i «Låni», ei lafta tømmerløe. Her serveres kaffe/te og heimelaga lefser, før Skaldefrua byr på historieforteljing. Denne opplevinga passer helst for vaksne og ungdom eldre enn 12 år. Tid totalt sett: omlag 2-3 timar, avhengig av kva gjestene ynskjer. Dato og klokkeslett vert avtalt via e-post.

Tidspunkt

Juni – Oktober

Pris

kr 750 / pr. pers. (Minimum 4 personer)
  • Kulturhistoria til garden og grenda
  • Smaksprøver frå lokal tradisjonsmat
  • Historieforteljing
  • Varigheit: 2-3 timar