- Kulturhistoria til garden og grenda
- Smaksprøver frå lokal tradisjonsmat
- Historieforteljing
- Varigheit: 2-3 timar
Kulturhistorisk guiding
Skaldegard tek i mot små grupper til det gamle gardstunet Nigarden i Skjerdal. Me opnar for sesongen i slutten av juni.
- Fottur omlag ½ time kvar veg
- Total lengde på guidinga: 2-3
- Kaffe og lefse ved bålpanna
- Historieforteljing
- Fottur omlag ½ time kvar veg
- Varigheit totalt: 2-3 timar
- Kulturhistoria til stølen og stølslivet
- Historieforteljing

Historia vår
Hausten 2010 tok ekteparet Jon Skjerdal og An-Magritt Lindtner over det nedlagde geitebruket Nigarden, i grenda Skjerdal i Aurland kommune. Ønskjet var å ta vare på dei vakre, gamle uthusa, som stod som minner frå ei svunnen tid. Denne prosessen er me godt i gang med! Me ville også formidle grenda sin eigenart og kulturhistorie til gjester og besøkande frå fjern og nær. Difor såg Skaldegard dagens lys sommaren 2017. Den vakre garden skal vere ein stad for nyting, avslapping, undring, læring, historieforteljing og guiding – alt innpakka i dei dramatiske omgjevnader som Sogn kan by på. Velkomen på besøk!
Kvifor velje oss
Å velje ein guida tur hjå oss inneber å komme tett på ei tilnærma autentisk oppleving. Fordi me fyrst og fremst tek i mot små grupper, så får ein moglegheit til å komme tett på vertskapet.
Kulturlandskapet og utsikten i Skjerdal er usedvanleg vakker. Utan blygsel seier me at gjestene våre risikerer å verte trollbundne! Me er lokalkjende, begeistra og full av formidlingsglede. Humor og latter sit laust – og du kan spørje om mest kva som helst. Me tilpassar oss gjestenes interesser for å gje ei skikkeleg god oppleving, der underhaldning og kunnskap går hand i hand. Me kan lova ei uforgløymeleg stund – langt unna mas og skrål. Velkomen til ei perle av ei oppleving!

Her finn du oss
Grenda Skjerdal i Aurland kommune ligg ca 6,5 km nordover langs fjorden frå sentrum, 210 m.o.h. Vegen opp er smal og svingete. Me har diverre svært få parkeringsplassar. Det kan derfor vere lurt å ringja, eller avtale via e-post på førehand før de kjem med eigen privatbil. Det er òg mogleg å ta ein taxi. Dei ekstra spreke kan sjølvsagt sykla, gå eller springa ut hit – men hugs; dei siste to kilometrane går oppover!
